Kva skjer med alternative arbeidstidsordningar?

Individuell tilpassing, kontinuitet og føreseielege tenester

Turnus og mobil

Alternative arbeidstidsordningar har vore eit heitt tema i mange fagmiljø. Det har kome fram ulike synspunkt frå dei som går i slike turnusar, frå arbeidsgjevarar, fagforeiningar og politiske parti. Den nye regjeringa sin politiske plattform seier følgjande om dette:

«Regjeringen vil:

  • Myke opp arbeidsmiljøloven, blant annet når det gjelder gjennomsnittsberegning av arbeidstid, alternative turnusordninger og uttak av overtid.
  • Nedsette et arbeidstidsutvalg etter modell fra skift/turnusutvalget for å utrede hvordan arbeidskraften best mulig kan tas i bruk i de kommende tiårene».

Ein del av synspunkta omhandlar arbeidsmiljø, fleksibilitet, auka stillingsprosent, osv., – først og fremst ut frå interessene til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Ein anna del av diskusjonen er korleis arbeidstidsordningar påverkar tenestene og kvardagane til tenestemottakarane. Er dei nye alternative arbeidstidsordningane, som er basert på dispensasjonar og midlertidige godkjenningar frå Arbeidstilsynet eller fagforeiningane, eit absolutt gode for tenestemottakarane

Moland og Bråten peikar i sin rapport «Langturnus og hele stillinger i Bergen kommune», frå mellom anna på individuell tilpassing, kontinuitet og føreseielege tenester som positive faktorar. Både arbeidsgjevarar og tillitsvalde i Fellesorganisasjonen i Bergen understrekar at det er viktig med gode prosessar som involverer dei tilsette og å ha sterkt fokus på tenestemottakarane sine behov. Les meir i Utvikling nr 2 2013, s 11.

Dømer frå praksis i Bergen og andre kommunar, viser at det ikkje treng vere motsetnad mellom brukarane og arbeidstakarane sine interesser. Gode arbeidstilhøve og innflytelse på eigen arbeidssituasjon er viktige føresetnader for å gjere ein god jobb. God tilrettelegging med fokus på fagleg kvalitet og livskvalitet for tenestemottakarane, gir tenester som tenestytarane kan stå inne for og arbeidsplassar å vere stolte av.

Skrevet av Bernt Fjordheim

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*