Ulikskap bør vere den nye norma

Ei facinerande og kontroversiell bok

Lang fra stammen av Andrew Solomon

Andrew Solomon si bok «Far from the tree» er no oversett til norsk og har fått tittelen «Langt fra stammen». Dette er ei facinerande og kontroversiell bok som kan bidra til refleksjon og gi nye perspektiv i synet på, og diskusjonar om normalitet.

Boka vil vere interessant for vernepleiarar og vernepleiarstudentar som er opptatt av forholdet mellom «oss» og «dei andre», med andre ord menneskelege variasjonar. Den kan også gjere oss til betre samarbeidspartnarar for familiane me møter ved å gi innsikt i korleis familiar til barn med ulike utfordringar opplever og meistrar dette. Andrew Solomon har over ein 10 års periode intervjua ca. 300 familiar med barn som på ein eller annan måte er ansleise og spesielle. Eit av hans sentrale spørsmål og paradoks er at dei fleste familiane han skildrar er djupt takknemlige for å ha fått erfaringar dei ville ha ofra alt for å unngå. Dette er familiar med barne som er døve, kortvokste, har autisme, vidunderbarn, barn som er unnfanga i voldtekt, transkjønna og kriminelle. Likskapen er at alle er ulike det som vert oppfatta som normalt, og at dei har måtte streva for å skapa sin eigen identitet.

Les utdrag av boka «Langt fra stammen»

Sjå innslag om Andrew Solomon frå NRK Dagsrevyen

Kjøp boken her

Trailer for boken

Skrevet av Bernt Fjordheim

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*