Personar med nedsett funksjonsevne i media

Stort felt - liten dekning

Vernepleiarar arbeider med personar med nedsett funksjonsevne. Kor mykje vert denne gruppa omtalt i media? Og korleis vert dei omtalt? Rapporten «Stort felt – liten dekning. Medierepresentasjoner av mennesker med nedsatt funksjonsevne» vart presentert på eit seminar i Ingeniørenes hus i Oslo torsdag 9. januar, og gir mykje grunnlag for refleksjon for ein vernepleiar.

Institutt for journalistikk og mediefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har utarbeida ein rapport på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet om mediedekning av mennesker med nedsett funksjonsevne. Ein av konklusjonane er at det har vore ein nedgang i artiklar om personar med nedsett funksjonsevne dei siste 20 åra. I tillegg til kvantitet, skildrar og drøftar rapporten kvaliteten av medieoppslaga. Det vil seie korleis personar med nedsett funksjonsevne vert omtalt. Arbeidet er utført av professor Elisabeth Eide og førsteamanuensis Tonje Vold frå HiOA, saman med Jan Grue, post-doc-stipendiat fra Universitetet i Oslo.

Frå ein vernepleiar sin ståstad vil rapporten vere interessant for å reflektere over korleis det å vere usynleg, eller stigmatisert i media, kan utgjere funksjonshemmande barrierar for dei det gjeld. Dette vil vere nyttig kunnskap i omgang med ulike media for å sikre at ein ikkje opprettheld fordommar og myter, men heller er med på å skape bilete og fortel historier som viser kva som er mogeleg å få til på individ og systemnivå.

«Når vi ser en underdekning av gruppen, samtidig som velferdsstaten kommer under press, kan underdekningen i ytterste konsekvens føre til at rettigheter blir redusert og livsvilkår blir forverret», sier Eide til nettavisa Khrono.no

Rapporten «Stort felt – liten dekning. Medierepresentasjoner av mennesker med nedsatt funksjonsevne»

Relaterte linker:

Skrevet av Bernt Fjordheim

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*