En russcene – sett fra innsiden

Restar av det menneskelege

Vernepleier Birthe Møgster

Mange mener mye om åpne russcener og de som bruker dem, men som regel ligger det bare «utsideblikk» til grunn. Vernepleier Birthe Møgster leverte i høst masteroppgaven «Restar av det menneskelege. Ei analyse av kva funksjonar Nygårdsparken har for rusmisbrukarar», etter å ha intervjuet brukere av Nygårdsparken i Bergen. Her kan du lese om hennes funn.

– Birthe Møgster, dette var altså en masteroppgave i Organisasjon og ledelse og du har studert ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Hva skriver du om, og hvorfor er det viktig?

Oppgåva handlar om rusmisbrukarar og deira bruk av den opne russena Nygårdsparken før denne vart avstengd 25. august 2014. Studien er gjort i mars-juli 2014. Det er eit kvalitativ studie, der det er gjort intervju av rusmisbrukarar og personar som arbeider tett på rusmisbrukarar. Eg kartla også, gjennom intervju, kvar dei ulike grupperingane oppheldt seg og kor ulike rusmiddel vart omsett/nytta.  Studiet er sosiologisk fundert med bruk at den franske sosiologen Pierre Bourdieu sin teori. I tillegg er andre teoretiske perspektiv, som Mary Douglas og Giorgio Agamben sine, tekne inn i analysa. Desse gjev utvida teoretiske perspektiv inn mot det rituelle, filosofiske og juridiske. Studien er viktig for å forstå kva rusmisbrukaren gjer i ei open russene og kva tyding dette har for han. Dette var viktig for meg fordi eg arbeider med rusmisbrukarar og var nysgjerrig på kva som gjorde at Nygårsparken hadde utvikla til det han hadde. Eg må også innrømme at min interesse for personar eg arbeider for, var større enn å gjere eit reint studie i organisasjons- og ledelsesteoriene sitt univers. Det gode med masterstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er at det er praksisnært og difor kunne eg gjere ei slikt prosjekt. Eg trur forsking i rusfeltet er viktig og mykje forsking trengs i dette feltet for det er så komplekst og mangfaldig. Det grenser også opp til mange andre felt som psykiatri, traumeforsking, åtferdsteori osv.

– Og hva er dine viktigste funn?

– Den opne russena har ulike funksjonar for rusmisbrukaren. Kjøp, sal og bruk av rusmiddel er sentrale funksjonar, samstundes så har alle dei fleste informantane sikra seg korleis dei vil skaffe seg rusmidlar når Nygårdsparken vert stengd. Ein tendens blant dei eg intervjua er at dei opplever seg mindre stigmatisert i Nygårdsparken enn elles i samfunnet, særskild gjeld dette når dei skal injisere rusmidlar. Dei opplevde seg akkseptert saman med andre rusmisbrukarar i den opne russcena. Dei trong ikkje forklare seg eller skjule seg. Alle visste at dei var ein rusmisbrukar og det var greitt.  Eg trur dette er ein av dei viktigste funksjonane Nygårdsparken hadde for rusmisbrukaen; han var akseptert slik han er. Rusmisbrukaren opplever seg mindre stigmatisert i den opne russcena enn elles i samfunnet. Goffman nyttar eit omgrep som kalles «begrensa aksept». Med det meiner han at vi aksepterer den stigmatiserte så lenge me slepp å ta innover oss hans smerte. Dette gjeld både rusmisbrukarar, tiggarar og andre stigmatiserte grupper i samfunnent. Så lenge dei oppfører seg slik at me slepp å sjå smerta deira er det greitt for oss. Når me må kjenne på det vanskelege i deira liv, kan det verte ubehagleg for oss og det ønskjer dei fleste å sleppe å forhelde seg til. I den opne russcena slepp rusmisbrukaren å forhelde seg til andre menneske si begrensa aksept. Eit anna viktig funn var at rusmisbrukaren står i ein radikal utanforskap. Han blir gjennom å vere ekskludert frå vanlege samfunnsarenar, «inkludert gjennom å vere ekskludert». Dette er beskriven i kapittel 8 og 9 i studien. I denne delen er den italienske filosofen Agamben nytta som teoretisk fundament for analysa.

– Har parken hatt flere funksjoner for de som har brukt den?

– Nygårdsparken har også vore ein stad der rusmisbrukaren kunne innhente informasjon om andre, slik folk vanlegvis gjer gjennom, media, TV, Facebook, mail osv. Rusmisbrukaren brukar ikkje slike informasjonskanalar på like line med folk elles i samfunnet. Gjennom å gå i opne russcener kan han hente inn informasjon som er nyttig og viktig for han. Den formen for kompetanse som han opparbeider seg her er nyttig for å meistre livet som rusmisbrukar, men ikkje nødvendigvis brukbar andre stadar. Pris på rusmiddel kan vere eit døme på det. Det er også andre måtar å oppføre seg på i opne rusmiljø. Ein kan til dømes oppnå rusmiddel gjennom å stele, lyge, rane eller true andre. Dette er måtar å handle på som ikkje har aksept i vårt samfunn. Avhengigheita gjer at rusmisbrukaren vel slike strategiar for å skaffe seg rus. Eg var nysgjerrig på om rusmisbrukarane i Nygårsparken hadde eit sosialt felleskap på tross av at det var eit utrygt og valdeleg miljø der. Funn i oppgåva viser at dei fleste hadde få nære personer. Dei kjende ansikta på og visste kven dei andre som oppheld seg i den opne russcena men definerte dei ikkje som venar. Dei hadde gjerne ein dei stolte meir på. Denne personen måtte dei ha for å få hjelp når dei trong det. Det å berre ha ein eller få nære personar gjer at ein blir sårbar når denne personen sviktar, dør, blir rusfri eller av andre årsaker forsvinner frå den andre.

– Hva konsenvenser tenker du det gir at Nygårdsparken nå er stengt?

– Konsekvenser for dei ved å ikkje ha ein slik stad å gå til er blant anna at dei opplever seg stigmatisert ved injisering i offentlege rom. Dei er forvist til ei meir nomadisk tilvere. Dette gjev meir uro for rusmisbrukaren og dette kan gje meir skade ved injisering. For folk flest i Bergen, vil konsekvens vere at rusmisbrukar vert meir synleg i bybildet.

– Hvis du skulle prøvd å formulere tre generelle råd ut fra det du har jobbet med, noe som kan være viktig for vernepleiere å ta med seg i møte med personer med langvarige rusvansker, hva skulle det vært? 

Respekt blir eit ord, eller meir ei haldning, som eg vil gje som råd. Ein rusmisbrukar som har levd lenge med rusmisbruk er prega av det livet han/ho har levd. Det kan vere i åtferd, klede eller utsjånad. Det er lett å sjå det som er annleis med denne personen og ikkje sjå mennesket bak det ytre. Det er lett å henge seg opp i dei skitne hendene, eller det uflidde håret. Kanskje dette handler om aksept like mykje som respekt. For det andre trur eg at ingen kan blir rusfri utan å velgje det sjølv. Det betyr at me som arbeider med rusmisbrukarar ikkje kan gjere denne jobben for dei, kun saman med dei. Av og til trur eg me er med å skape rom for at rusmisbruket kan fortsette, gjennom at me tilrettelegg og ikkje stiller nok krav til rusmisbrukaren. For det tredje speiler tittelen på oppgåva også at den etablerte rusmisbrukaren endrar si prioritering om kva som er viktig. Han blir oppteken av å overleve og å skaffe seg rusmidlar. Når dette vert prioritert høgst i livet til rusmisbrukaren, vil dette gjere til at han kan ha ein annan handlingslogikk enn det me som arbeider med rusmisbrukarar kan forvente. Det kan vere viktig informasjon å ha med seg i arbeidet/møtet med med denne gruppa menneske.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*