Fotballlag fra Sogndal
Fagintervju

Et bankende hjerte for aktivitetstilbud for utviklingshemmede

Iren Nordheim er en driftig vernepleier fra Sogn og Fjordane med et stort engasjement for at utviklingshemmede skal ha et aktivitetstilbud. Et bekjentskap som tiåring la grunnlaget for å bli vernepleier. Hun startet opp et aktivitetstilbud alene, men fikk med seg fotballkretsen, og i år har fotballaget Sogndal United spilt turnering i Lillehammer.

– Iren Nordheim, kan du si noe om hvorfor du ville bli vernepleier? 

Vernepleier Iren Nordheim

Vernepleier Iren Nordheim

– Då eg var ti år gammal vart eg kjent med ei jente på 11 år som hadde Downs syndrom. Dette vart veldig fint og spesielt for meg. Etter vidaregåande skule fekk eg mulighet til å jobbe som assistent på ein ungdomsskule i heimkommunen min. Der fekk eg blant anna mulighet til å jobbe som assistent for ein ungdom som hadde multifunksjonshemming. Eg fekk året etter assistentjobb på bufellesskapet der denne ungdommen budde, og trívdes svært godt med å jobbe der. Eg syntes det å jobbe med mennesker med utviklingshemming var svært givande, spennande og utfordrande. Det la seg ein tanke i bakhovudet at dette vil eg gjere meir av seinare i livet. Desse erfaringane var med og gjorde sitt til at eg bestemte meg for å starte på vernepleiestudiet i 2002. Som vernepleier og miljøterapeut har eg no ein jobb som eg finn svært givande i eit bufellesskap i kommunen.

– Kan du fortelle litt om ditt engasjement for å tilrettelegge aktiviteter for utviklingshemmede?

– Som 20-åring fekk eg delta på eit aktivitetskurs der temaet var tilrettelagt aktivitet for deltakarar med utviklingshemming. Etter dette kurset starta eg opp ei treningsgruppe for ein gjeng frå bufellesskapet eg jobba i. Vi hadde trening i ca eit halvt år annakvar laurdag. Dette var veldig moro og inspirerande. Seinare fekk eg kontakt med ulike pårørande som fortalde om utfordringane deira born og ungdommar møtte på etterkvart som dei vaks til og det vart vanskeleg å delta saman med «alle andre» i klassen. Det å kunne delta på aktivitet som er tilrettelagt og samtidig gå på aktivitetar som til dømes spinning saman med klassekameratar var noko som vart nemnt. Det gjorde inntrykk å høyre ulike historiar og eg tenkte at her må det no gå an å finne på noko.

– Når og hvordan startet du opp Sogndal United?

Eg kontakta fyrst Sogn og Fjordane Fotballkrets og Sogndal Fotball. Norges Fotballforbund hadde da nyleg satt igang eit inkluderingsprosjekt, «Fotball for alle». Dette visste eg ikkje, så det vart ein gledeleg overraskelse då eg skjønte at eg kom i rette tid. Vi hadde så eit info- og oppstartsmøte hausten 2005 saman med Fotballkretsen, Sandnessjøen Idrettslag Fotball (SIL), Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) og andre interesserte. Vinteren 2006 starta vi opp med trening annankvar veke i storhallen her i Sogndal. Det kom deltakarar frå fleire nabokommunar. Treningen bestod av ein felles oppvarmingsdel med dans, polynese, og fallskjerm som vi gjorde ulike øvingar med. Etterpå delte vi salen i to og hadde stasjonstrening og fotball. To spelarar frå A-laget var med oss og dette var svært moro for dei av deltakarane som var opptekne av fotball og heia på SIL sitt A-lag. Denne treningen hadde vi frå 2006 fram til sommaren 2008. Då vart det litt utfordrande å lede denne aktiviteten åleine sidan mine to eigne jenter vart større og meir aktive og trengte meir oppfylgjing. Vi tok ei pause og eg gjekk i «tenkeboksen». Det måtte være mogeleg å finne ein annan måte å drive eit slikt aktivitetstilbod på, tenkte eg. Eg kontakta så Sogndal Fotball hausten 2009 for å prøve å få igang fotballsamlingar for spelarar frå heile fylket. Dette vart Håvard Flo engasjert i og vi hadde så tre «Fotball for alle«-samlingar i løpet av 2010 og det har vi prøvd å arrangere sidan. Det har delteke opp imot 18 spelarar frå heile fylket på desse samlingane, og vi har treningssamlingane i Sogndal og på Byrkjelo. Vi veit at det er fleire aktuelle fotballspelarar rundt om i Sogn og Fjordane så vi håpar å nå ut til desse med info.  Eit av måla våre er å kunne få igang fotball-lag og treningar rundt om i klubbane i fylket for så å ha mini-turneringar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i løpet av sommarhalvåret. Eg vil nytte anledningen til å rose Stryn fotball som har eit slikt treningstilbod i sin klubb.

– Hvordan organiserer dere treningene? 

– Vi organiserer treningane slik:

  • 12.00   Oppmøte med presentasjon, kanskje eit besøk i garderoben til A-laget, info om opplegget for dagen og liknande.
  • 12.30-13-30    Fotballtrening/fotballskule med diverse øvingar av grunnleggande fotballferdigheter som føring av ball, sentring, heading, skottrening og liknande.
  • 13.30-14.30    Fotballkamp.
  • 15.00-16.00    Felles måltid og sosialt samvær.

– Har du noen andre samarbeidspartnere?

– Eg har heile vegen hatt ein god dialog og eit godt samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg har fått komme innom for å informere ved felles undervisning for vernepleiar-, barnevern- og sosionomstudentane. Når eg har fått gjort dette tidleg på hausten har det vært enkelt å verve interesserte studentar med i leiargruppa. Vinteren 2010 fekk eg kontakt med tre vernepleiestudentar, dei hadde eit smittande engasjement og vart solide støttespelarar i arbeidet med å få igang  denne aktiviteten igjen. Ei av desse studentane er framleis med i leiargruppa og fleire nye har komme til. Det er topp å ha dette samarbeidet med høgskulen.

– I 2015 dro dere en gjeng fotballspillere til Lillehammer, kan du fortelle om denne samlingen?

– Landsturneringen 2015 var ein fantastisk opplevelse. Vi reiste dit med eit lag som var samansett av spelarar frå fem kommunar i Sogn og Fjordane. Leiargruppa bestod av leiarar frå Fotballkretsen, Sogndal United og Førde Idrettslag. Det var utfordrande å samle laget til felles trening men vi fekk til ein samling i i Sogndal i juni 2015. Tre av spelarane hadde med seg pårørande som ledsagarar og vi alle hadde ei flott helg saman. Laget spelte totalt fire kampar, med tre tap og ein seier. Seieren kom i kamp nummer tre på lørdagen, til stor glede for spelarane, pårørande og oss i leiargruppa. Ein av spelarane våre sa: « Eg bryr meg ikkje om vi tapar eller vinn kampane fordi fotball er så gøy uansett!». Banketten i Håkonshall saman med ca 1700 andre spelarar og leiarar vart ein flott kveld for oss alle. Dette vart ei oppleving vi gjerne gjentek og vi ynskjer å være med å legge tilrette for at «alle» som ynskjer det får delta neste gang vi reiser på Landsturneringen. Det var ei flott turnering der fair play stod i fokus.

Her kan du sende mail til Iren Nordheim.

Bildet er lånt av Sogndal fotball.