Vernepleier Vigdis Reisæter
Kort fagartikkel

Vernepleiarane og den vanskelege godheita

«Saman er ein ikkje mindre åleine» – einsame vernepleiarar og den vanskelege godheita. Slik kan masteroppgåva mi om vernepleiarane si sjølvforståing kort oppsummerast.  For å ta det siste først: Den vanskelege godheita – korleis kan godheit vera vanskeleg spør du kanskje. Eg skal prøve å forklare:

Mange hugsar sikkert saka om hat-brevet i Valdres eller «Caspersaka» frå i sommar. Den handla om eit foreldrepar som fekk eit svært krenkande brev om sitt barn med Down syndrom. Foreldra la brevet ut på facebook, og dermed var det i gang.  Statsministeren avbraut ferien sin for å gi støtte til Casper og Casper sine foreldre. Ei facebookgruppe vart oppretta. Dei aller fleste gav si støtte. Inne på vernepleiarane si facebookgruppe og elles på facebook var vi vitne til massive delingar, og til dels hatske karakteristikkar av brevskrivaren, og sympatierklæringar til Casper og Caspers foreldre. I denne saka såg eg att tema som eg nyleg hadde handsama i masteroppgåva.  Konsekvensen vart at eg skreiv ein kronikk som vart publisert på NRK-ytring i sommar.

Kva har så «Caspersaka» med mi masteroppgåve og gjera? Eit av de mest sentrale funna i oppgåva var forteljingane om vernepleiarane som både er åleine om den rette kunnskapen, og om einsemda med å ha det store ansvaret. Sett på spissen kan ein sei at vernepleiarane opplever seg ikkje sett, og at den viktige kompetansen ikkje vert verdsett. Ein blir oppteken av å synleggjera kompetansen sin. Arbeidet er ikkje noko kven som helst med gode omsorgsevner kan gjera. Det krevst noko meir, og dette «meir» er det berre vernepleiarane som har.  Forteljingar om det gode vernepleiararbeidet har det til felles at det er vernepleiaren som kjem inn og ser det nye –  bidreg til endring som fører til noko godt. I masteroppgåva peikar eg på godheita som problematisk fordi: I følgje Hannah Arendt så er ekte godheit stille – den gjer ikkje så mykje av seg – den fer stilt i dørane for å sei det slik. Den er skjult. Den som opplever godheita merkar det, og den blir der som taus og innforstått mellom dei to.

Problemet med godheita er at den har så lyst å koma fram for å bli beundra og sola seg i glansen. Det bringer oss over i den opne godheita, og den vert offentleg. Det er her vi kjem til det skikkeleg vanskelege. Når godheita vert synleg kan den lett bli korrumpert. Dei fleste av oss har vore avhengig av andre si hjelp ei gong. Andre er berre god mot deg, men opplevast det alltid likt, eller bra? Både i møte med enkeltindividet og i samfunnet,  kan framvising av godheit skapa devaluering og avmakt.

Kva så når du prøver å avsløra korleis godheitsmakta fungerer, slik som eg gjorde i «Caspersaka» gjennom å stilla spørsmålet om kven den avmektige er? Her kjem vi over til det siste problemet med godheitsdiskursen; stakkars den som vågar å kritisere det som er av framvist godheit. Det er utfordrande å tale mot godheit, ein kan fort kome i den posisjonen at ein vert forstått som kald og kynisk. I tillegg til dette, vil ein jo også framvise ein konkurrerande godheit. Godheita er like open, den kan og fort verta korrumpert. Men, den blir ikkje forstått som godheit, og har difor ikkje eit like sterkt potensiale for å bli korrumpert.

Som helse og sosialarbeidarar treng vi kunnskap om kor kompleks makta i å gjera det gode er.  Det kan sjå ut som det er eit litt av eit uføre å hamne i. Eg har inga løysing på dette problemet, men tenkjer at dess meir vi er den bevisst så kan vi alle fall dempe den ned. Paradokset er at vi treng forteljingane om den gode vernepleiaren – vi må bevise at vi er nyttige og uunnverlege i velferdssaten. Så; den offentlege godheita fungerer godt i vernepleiardiskursen for å skaffe profesjonen legitimitet og jurisdiksjon.

Utfordringa godheitsmakta gir, er særleg utfordrande for vernepleiarane.  Nettopp fordi vi byggjer så mykje av vår identitet gjennom desse forteljingane. Vi framviser vår godheit,  samstundes som  vi ser oss som unike og insisterande på vår eigen kompetanse. At forteljingane er så tydelege, kan bety at vernepleierane er usikre på eige fag og fagutøving. Ein trygg profesjon har ikkje trong for stadfesting av andre heile tida. Vernepleiarane fortel om eit felt, arbeid i bufellesskap med vaksne utviklingshemma, som ikkje attraktivt verken for vernepleiarar eller for arbeidsgivarar.  Likevel er det berre vernepleiarar som kan. Faren ved forteljingane om vår flotte kompetanse og om manglande verdsetjing er at dei kan «overspelast» – og då oppstår det ein risiko for devaluering av dei vi skal hjelpe. Vi får ikkje gjort noko med den samfunnsmessige devalueringa av utviklingshemma, dersom vi som vernepleiarar snakkar ned feltet vi er i – då bidreg vi også til det same. Så kan pendelen svinge den andre vegen og ein motstrategi kan vera å snakke opp feltet, men det same skjer, kvifor må vi vise at nokon har verdi? Det vert som å sei; dei har ikkje det – vi må gi dei det, så vert det òg devaluerande. Meir om dette i oppgåva mi – god lesing!

Her finner du Vigdis Reisæters masteroppgave

Her kan du sende epost til Reisæter