Aktiv omsorg – bevegelse, naturopplevingar og deltaking

Innlegg av Vigdis Reiseter

Vernepleier Vigdis Reisæter

Ved Høgskulen på Vestlandet og institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie i Sogndal,  finst det ei vidareutdanning med namnet Aktiv omsorg. Søknadsfristen er 15. april.

Aktuelt for mange yrkesgrupper

Randi Sørensen er programansvarleg for vidareutdanninga Aktiv omsorg.

– Sørensen, kva er det studentane lærer på denne vidareutdanninga?

Gjennom vidareutdanninga Aktiv omsorg lærer du korleis du kan bidra til å fremje meistring, sosial deltaking og god helse i arbeid med ulike brukargrupper. Føremålet med utdanninga er difor å imøtekomme behovet for auka kompetanse om bevegelse, naturoppleving og deltaking for å styrke helse, sosial fungering og meistring. Dette er i tråd med Meld. St . 26 Framtidas primærhelseteneste – nærleik og heilskap (2014-2015), Meld. St. 19 Folkehelsemeldinga – meistring og moglegheiter (2014-2015) og Meld. St. 34 Folkehelsemeldinga – God helse – felles ansvar (2012-2013).

Studiet er dermed aktuelt for ulike yrkesgrupper i offentleg og privat sektor, til dømes lærarar (barnehage/ grunnskule), tilsette innan helse- og sosialomsorga, spesialhelsetenesta,  barn-, ungdom- og familieetaten (BuFetat) og Kriminalomsorga. Opptakskrava er treårig høgare utdanning innan helse- og sosialfag, idrettsfag, og lærarutdanning, men også søkjarar med anna relevant fagsamansetjing kan etter vurdering bli tatt opp.

Gjennom studie lærer du mellom anna om teoriar om omsorg, aktivitet, rehabilitering og folkehelse, korleis planlegge og setje i verk tiltak som stimulerer til fysisk aktivitet og friluftsliv, samanhengar mellom fysisk aktivitet, naturopplevingar og helse, ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne, relasjonelle faktorar og  kroppsbevisstheit som utgangspunkt for endring av bevegelse og pust.

Studie legg vekt på variasjon når det gjeld undervisningsmåtar og læring skjer gjennom forelesingar, aktivitetar, arbeid i grupper, gjennomføring og leiing av prosjekt, seminar med rettleiing og studentpresentasjonar.

– Eit av læringsutbyta er at studentane skal ha kunnskap om og erfaring med bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving , og sjølvstendig arbeid med å planleggje og setje i verk prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking. Kan du sei noko om korleis studentane arbeider med å nå det læringsutbyte?

Studentane skal mellom anna gjennomføre ei prosjektoppgåve. Her skal dei lage eit opplegg som vektlegg fysisk aktivitet, bevegelse og naturoppleving, og fortrinnsvis knytte dette til eigen praksis. Opplegget studentane beskriv vert så, som ein del av studie, prøvd ut praksis i friluft saman med dei andre studentane.

Samlingsbasert studie

– Kva som styrer val av utdanning vil kanskje organiseringa av studiet vera ein viktig faktor. Kan du sei litt om korleis dette er på Aktiv Omsorg?

Studiet er eit tilbod ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, og er lagt opp som eit deltidsstudie over to semester. Det vil sei at det er lagt opp slik at det skal kunne kombinerast med jobb. Kvart emne har tre samlingar à fire dagar i kvart semester.

Vidareutdanninga består av to emner. Det eine emnet omhandlar fysisk aktivitet og naturopplevingar som omsorg og er lagt til haustsemesteret. Det andre emnet omhandlar fysisk aktive deltakarar og er lagt til vårsemesteret.  Kvart emne utgjer 15 studiepoeng med  avsluttande eksamen, og du avgjer sjølv om du vil ta det eine eller begge emna. Om du etter å ha gjennomført begge emna i aktiv omsorg finn ut at du har lyst til å ta ei masterutdanning, kan desse to emna inngå som valfrie emne i master i samhandling innan helse- og sosialtenester ved Høgskulen på Vestlandet og master i meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

Tverrprofesjonell læring som sekundæregvinst

Studiet Aktiv omsorg har ei brei målgruppe, og dette gjenspeglar seg også i dei som søkjer seg til utdanninga. På dette studie vil du høgst sannsynleg også kunne møte andre profesjonar eller andre fagutdanningar enn din eigen. Å bli kjent med andre fagutdanningar og profesjonar, kan gi nyttig læring, slik Meld. St. 13 (2011-2012), som omhandlar utdanning for velferd, og nettopp vektlegg samspel i praksis gjennom tverrprofesjonell læring. Sjølv om utdanninga primært ikkje er retta inn mot tverrprofesjonell læring, kan dette vera ein sekundær gevinst for dei som gjennomfører utdanninga aktiv omsorg.

Praksisrelevant

– Kva tilbakemeldingar har høgskulen fått frå studentane på dette studiet?

Studentane er jamt over fornøgde og trekkjer mellom anna fram at studie er praksisrelevant. Både gjennom prosjektoppgåva, gruppearbeid og rollespel får studentane moglegheiter til å bringe inn problemstillingar frå eigen yrkespraksis.

Emna i stuidet vert jamleg evaluert og studentane får moglegheit til å gi tilbakemelding om det bør gjerast endringar, men i det store og heile er tilbakemeldingane me får at innhald og organisering bør være slik det er.

Du kan lese meir om studiet – Aktiv omsorg her

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*