Står opp for dei individuelle hensyna

Foto: Signe Kvammen. Fra venstre, vernepleier Sølvi Nygård og vernepleier Gunn-Marit Birkeland

Vernepleiar Gunn-Marit Birkeland er plasstillitsvalt for FO i Eining for habilitering i Stord kommune, og står i eit ordskifte med administrasjonen om det framtidige kommunale dagtilbodet til vaksne med utviklingshemming. Vi spør Gunn-Marit, og FO-medlem og vernepleierkollega Sølvi Nygård, kva som driv dei, og kva dei som fagpersonar ser, som leiinga ikkje ser?

– Gunn-Marit og Sølvi, administrasjonen i Stord kommune har foreslått å leggja ned Vidsteentunet aktivitetssenter og samla alle kommunens dag-, aktivitets- og arbeidstilbud til personar med utviklingshemming på ein stad, Sæbø gård. De protesterer. Kvifor?

– Me opplever at det er det økonomiske som kjem i første rekke, når kommunen vil samle dagtillbodet innafor eit lite geografisk område. Administrasjonen brukar begrepet «fortetting» og vil ha politikarane til å tru at det vil gi økonomisk gevinst. Me ser ikkje at det vil vera tilfelle på lang sikt, og synes det er trist at det ikkje vert tatt hensyn til faglege vurderingar. Det som kjem fram er at dei vil spare leigeutgifter som kommunen har i dag, i samband med eit anna tilbod. Tilsette såg fram til å få utvida kapasiteten, på brukarane sine og eigne vegne. På Sæbø har me opplevd, over mange år, at det har vore trongt om plassen og lite eigna fasilitetar. Me har protestert når kommunen har tildelt plass til nye søkjarar, nettopp fordi me ikkje har hatt plass. Brukarane har likevel kome og me har vore nødt til å legge til rette for eit tilbod, sjølv om det ikkje har vore tilfredsstillande løysingar. Når me no skulle få eit nytt bygg, samt behalda Vidsteentunet, såg me fram til at me då ville kunne ta imot nye brukarar på ein god måte.

– I ei artikkel i Sunnhordland 23. januar seier Gunn-Marit at de med brukaranes medverknad har vurdert kven som eventuelt kan flyttast og kven de meiner må verta på Vidsteentunet. Kan de seia litt om korleis de har gått fram i denne prosessen?

– Det har først vore felles informasjonsmøte for pårørende/brukarrepresentantar om nybygget. På det møtet vart det informert om at brukar og brukarrepresentant ville bli invitert til individuelle møter. På desse møtene vart det gitt nærare informasjon og den enkelte sin representant kunne komme med ynskje om kor brukaren skulle få eit framtidig tilbod.  

– I artikkelen kom det òg fram at det er 3-4 tenestebrukarar som de meiner ikkje bør flyttast. Kvifor ikkje?

– Brukarrepresentantar og tilsette vurderer det slik at disse bør få bli verande i trygge og kjente omgivelser, med få å forhalda seg til. Me har også fått klar beskjed om brukar som absolutt ikkje vil flytte på seg. Når det gjeld dei faglege vurderingane, er me bundne av teiingsplikta og kan ikkje seie så mykje. Me må nøye oss med å formulere oss generelt: Personar med utviklingshemming er ei sårbar gruppe – å måtte bryte opp og omstille seg til nye forhold, kan vere ein belastning for einskilde. Nokon kan ha fleire funksjonsnedsettingar, i tillegg til dei kognitive. For personar med t.d. store synsvanskar, kan det å bli kjent og ta seg fram i nye, framande omgivelsar, med ukjente personar rundt seg, vere særskilt utfordrande. Bistandsbehovet i samband med forflytting, vert mykje større. Som Gunn-Marit skriv i lesarinnlegget sitt i Sunnhordland 15. januar, ønskjer me ikkje ei ytterlegere segregering av personer med utviklingshemming. I følgje likestillings- og diskrimineringsloven har personar med funksjonsnedsetting rett til individuell tilrettelegging av kommunale tenestetilbod, for å sikre likeverdige tilbod, og kommunen plikt til å arbeida aktivt for likeverd og like høve. Å samle alle med liknande behov på ein plass, utan andre alternativ er ikkje individuell tilrettelegging og gir ingen likeverd!

– Kan de seia litt om korleis de to eventuelt òg andre har samarbeidd om å løfta denne saka?

–  FO nytta høvet til å komme med uttale i den opne høyringa i Komité for rehabilitering, helse og omsorg, i samband med budsjetthandsaminga for 2019.  Me har skrevet innlegg i lokalavisa og vore i kontakt med lokalpolitikarar. Sølvi sit i styret for Stord/Fitjar NFU og er med på å påverka gjennom brukarorganisasjonen.

– Har de nokon råd til andre fagpersoner og tillitsvalde som vil løfta saker i eigen kommune?

– Å reflektere over på kva måte ein kan gå fram; i kva slags fora og kva type utspel som kan vera hensiktsmessig. Me har påverka tenesteveg, brukt tillitsvaltapparatet og vore i direkte kontakt med politikarar. Det er viktig å gå i lag og ikkje operere på eiga hand. I nokre samanhengar kan det vera vanskelig å vite kor grensa går i forhold til lojalitet til arbeidsgivar. Det er viktig å halda seg «innafor». Samtidig skal ein tenka på at me yter tenester til personer som treng hjelp til å fremja si sak.

– Kvar går vegen vidare no?

– No vert dette truleg avgjort i møtet i Komité for rehabilitering, helse og omsorg på torsdag. Me håper at politikarane har lytta til det som har komme fram i media frå tilsette og pårørande, og at dei vel å ikkje avvikle Vidsteentunet Aktivitetssenter. Me treng ei fleksibel teneste innan arbeid og aktivitet. Me treng plass til å kunne ta imot nye brukarar og at dei får høve til å velja kor dei vil vera og kva dei vil gjera. Med ei såkalla «fortetting» blir alt veldig låst. Skal ein ha eit mål om inkludering og brukarmedverknad er ikkje dette vegen å gå.   

– Og kva er det som driv dykk personleg i denne saka?

Gunn Marit: – Det som driv meg personleg i denne saka er, først og fremst, at ved å flytta alle brukarane til Sæbø gard, vil ikkje dagtilbodet ha rom for å ta imot nye brukarar. Me veit at det vil vera 15 nye brukarar som treng dagtilbod dei næraste 7 åra. Det hadde vore så fint å kunne ta imot nye brukarar utan å kjenne på at det eigentlig ikkje er plass til dei. Noko me på Sæbø har kjent på i mange år. Me har opplevd at brukarar som ikkje har trivdes på Sæbø gard, har funnet sin plass og blomstret når dei har flytta til Vidsteentuneet, og omvendt. Våre brukarar treng den muligheten til å kunne velga kor dei vil ha sitt dagtilbod. Det gjer kvardagen mykje betre for alle. Eg ser det som viktig at «eldretilbodet», som i dag held til i ei fellesstove i bustad må få eit meir eigna lokale. Meininga var at dette lokalet skulle brukes som ei midlertidig løysing, i påvente av utvidinga.

Sølvi: – Eg starta å jobbe som ufaglært innan HVPU i 1983, starta på vernepleiarutdanninga i Harstad året etter og har jobba innan tenestene til personar med utviklingshemming sidan HVPU blei avvikla. Eg opplevde ein entusiasme på 1990-talet, der innsatsen i kommunane handla om det som var målet med HVPU-reforma; desentralisering, integrering og normalisering. Dei seinare åra registrerer eg ei utvikling i motsatt retning. Kommunar ønskjer å bygge store bufellesskap, bustadane og heimane til bebuarane blir omtala som avdelingar, og tenester til personar med utviklingshemming blir organisert i eigne einingar – ei form for administrativ segregering på grunnlag av ei spesifikk funksjonsnedsetting. Når det er forslag om å samle arbeid og aktivitet for vaksne med utviklingshemming innan eit avgrensa geografisk område, opplever eg det som ei trist utvikling. Som vernepleiar ønskjer eg å påverke, slik at dei kommunale tenestene vert utvikla med respekt for brukarane sine eigne ønskjer og behov, og i samsvar med nasjonale og internasjonale føringar.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.