Personar med utviklingshemming er ei aukande gruppe i eldrebefolkninga, og dei har andre utfordringar i samband med aldring enn resten av befolkninga. Studiar om aldring og alderdom hjå personar med utviklingshemming viser til mangel på kunnskap blant tenesteytarane.

Artikkelen set søkelys på utfordringar knytte til utviklingshemming og aldring som 12 tenesteytarar har erfart i kommunale butiltak. Studien bygger på data frå fire fokusgruppeintervju med tenesteytarar frå butiltak i fire ulike kommunar. Resultata viser at det er utfordrande for tenesteytarar å få auge på aldringsprosessen, at det er mangelfulle system for tilpassa og personsentrerte tenester til personar med utviklingshemming, og at tenesteytarane opplever å stå i skvis på mange områder; mellom krav til tenestene, tilgjengelege ressursar, behov og forventningar. Resultata viser òg at eldre personar med utviklingshemming framleis ikkje får dei tenestene dei har rett på, noko som er eit klart brot på grunnleggande menneskerettar, og som ikkje anerkjenner medborgarskapet deira.
Forfattere: Sosionom Gunvor Helle Eiane og Vernepleier Anita Gjermestad / Tidsskriftet aldring og helse vol. 23, nr. 1-2019