Fag

Vernepleiaren si rolle for å byggja det gode laget rundt eleven

Skulen er i endring. Både ekspertar og politikarar har i dei seinare åra etterspurt andre yrkesgrupper inn i skulen. Dei ynskjer å byggja eit breitt lag rundt eleven som har samansette utfordringar.

Skulen er i endring. Både ekspertar og politikarar har i dei seinare åra etterspurt andre yrkesgrupper inn i skulen. Dei ynskjer å byggja eit breitt lag rundt eleven som har samansette utfordringar. I dette breie laget må ein ha ulik kompetanse, også med psykososialt fokus. Her er det viktig å dra inn den unike kompetansen til vernepleiaren. Det vert sentralt å sjå på kva ulike måtar vernepleiaren kan bidra på inn mot dei elevane som strevar, og som har ulike behov i skule- og SFO-tid. For å sjå heile eleven er avgjerande. Det at vernepleiaren er samansett av både helsefagleg og sosialfagleg kompetanse er verdifullt i den jobben ein som vernepleiar utfører på skulen. Ut frå dette kan ein betre sikra seg at alle behova til eleven vert ivaretekne. Dette gjeld behov som eksempelvis rommar helse og psykososiale behov. For å lukkast med det nye fokuset i skulen og samstundes oppnå eit godt tverrfagleg samarbeid, er det behov for ei leiing på skulen som har eit tydeleg fokus og ynskje om å få dette til. Samstundes som det krev kommunepolitikarar som er villige til å bruka lønsbudsjettet på andre profesjonar enn dei som tradisjonelt sett er anerkjende i skulen.

Som vernepleiar i skulen vert ein òg ei av dei nyare yrkesgruppene. Tråkkar ein inn på læraren sitt territorium, eller klarar ein å tenkja at ein kan læra av kvarandre gjennom ulikskapane i utdanningane? Eit anna viktig fokus vert òg å få eleven sjølv med på laget. Som vernepleiar er ein oppteken av brukarmedverknad, og det er allment akseptert at ein oppnår lettare vekst når eleven ser på seg sjølv som ein samarbeidspartnar. For sosial læring kan ikkje isolerast frå fagleg læring. Difor ser ein behov for vernepleiarkompetansen i skulen, i samarbeid med læraren, andre sosialfaglege utdanningar og skulehelsetenesta.

Last ned hele artikkelen her

Skrevet av Hilde Nina B. Osen, Vernepleiar, Trudvang skule