Fagintervju

En vernepleier på Folkehøyskole

30. juni 2020

Heidi Merete Sægrov-Øygard har en spennende og aktiv hverdag på Fjordane Folkehøgskule. Her er hun linjelærer for en tilrettelagt linje med bo og fritid. Skolen jobber ut ifra mottoet Glede, vennskap og utvikling.

Heidi Merete Sægrov-Øygard har en spennende og aktiv hverdag på Fjordane Folkehøgskule. Her er hun linjelærer for en tilrettelagt linje med bo og fritid. Skolen jobber ut ifra mottoet Glede, vennskap og utvikling.

Hvor lenge har du vært vernepleier, Heidi?

Eg tok bachelor vernepleie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, i Sogndal og vart uteksaminert i 2013

Hva er dine erfaringer som vernepleier?

Som vernepleiar har eg hatt ulike jobbar og tileigna meg ulik kompetanse på dei forskjellige arbeidsplassane eg har hatt. Først jobba eg som Miljøterapeut, i medlevar turnus, knytt til ein brukar med psykisk utviklingshemming. Utfordrande åtferd og psykisk helse var viktige element inn i det miljøterapeutiske arbeidet. Eg hadde då i tillegg ein anna jobb knytt til born med psykiske problem. 

Når vi flytta attende til heimplassen min fekk eg ei prosjektstilling som Programrådgjevar for nykomne flyktningar. Her var arbeidsoppgåvene tett oppfølging ifht introduksjonsprogram,  undervisning og arbeid. I dag jobbar eg på Folkehøgskule og er linjelærar for ei tilrettelagt linje, Bu og fritid på Fjordane Folkehøgskule.

Har du tatt noen form for videreutdanning, eller master?

Våren 2018 fullførte eg vidareutdanning i Psykiske helse ved Høgskulen på Vestlandet, avd Førde. Dette er ein etterspurt kompetanse i dei fleste kommunar, og nyttig kompetanse inn mot alle jobbane eg har hatt, og no har. Etter fleire utfordrande situasjonar i kvardagen, kjende eg at dette var ei utdanning som kunne utvide horisonten og kompetansen min. Og spesielt når ein jobbar med  andre menneske som treng bistand i kvardagen.

Heidi, du jobber som vernepleier på en folkehøyskole, hvordan er dette relevant for en vernepleier?

På folkehøgskulen jobbar eg med elevar som treng tett oppfølging i kvardagen. Bu og fritidslinja er tilrettelagt for Bu- og sjølvstendigheitstrening i kvardagen, i lag med andre elevar som er i same situasjon. For dei fleste elevane som kjem til skulen vår,  er dette den første gongen dei flyttar heime ifrå. Det vil derfor for mange opplevast som utrygt i starten. Fokuset vårt er derfor å bygge ein god og trygg relasjon frå starten av.  Her kjem kompetansen min som vernepleiar til nytte. Under studiane følte eg at dette var ein av våre styrkar. Lære seg å sjå den andre, sette seg inn i andre sin situasjon, samt vere kreativ for å få til ein god relasjon. På dette feltet er ein også heilt avhengig av eit godt miljøterapeutisk arbeid,  noko eg tenkar er vernepleiarens ess i ermet.  Elles brukar eg kompetansen min på å lage gode individuelle rutinar som elevane treng til dagleglivets ferdigheitar (vi kallar det ADL-fag på skulen). Her tenkjer eg på tema og rutinar i høve hygiene, matlaging, økonomi, fysisk aktivitet, sjølvmestring, søvn og ikkje minst lære å omgåst andre, eller forhalda seg til andre menneske. 

På folkehøgskulen bur elevane tett og har mange rundt seg til ei kvar tid. Vi brukar derfor mykje tid og ressursar til nettverksbygging. Personar som har utfordringar både kognitivt og sosialt, har ofte eit lite nettverk. Det er noko vi ynskjer å utvide dette året, vi prøvar å legge til rette for gode vennskap, samt fellesopplevingar som gir minner for livet.

Det som også er veldig fint å få oppleve på min arbeidsplass, er at elevane sjølve veljar linjefag ut i frå eiga interesse. Tre til fire dagar i veka har dei linjefag med dei andre elevane på skulen, i tillegg til fellesfag for alle. Her får elevane velje kva dei vil drive på med ut i frå eiga interesse og då er motivasjonen for læring høg. Linjene ein kan velje mellom er hest, sirkus, kunst, musikal eller vikinglinje.  Her møter dei elevar på tvers av linjene og får moglegheit til å utvide både fagleg- og sosial kompetanse.

Kan du fortelle om dine arbeidsoppgaver der?

Mine arbeidsoppgåver er veldig varierte, noko eg trivast godt med.  Alt arbeid eg legger ned skal handle om at elevane for oppleve glede, utvikling og vennskap. Derfor står eg veldig fritt ut i frå elevgruppa eg har, og kan vere kreativ på mange måtar. Mine konkrete arbeidsoppgåver er blant anna undervisning i ADL-fag, valfag Yoga, undervisning i naturen med fysisk aktivitet og psykisk helse i fokus, individuell oppfølging av enkelt elevar, administrative oppgåver og møtevirksomheit,  lage individuelle planar, tverrfagleg samarbeid med instansar som er relevante ,og ikkje minst samarbeid med pårørande til eleven, om eleven sjølv ynskjer dette, då dei fleste elevane er over 18 år.

Har du en god historie du ønsker å dele med leserne?

Kvar veke har vi ulike tema i fokus gjennom veka. Då er det opp til oss lærarane å flette dette tema inn i undervisninga. Ein veke var det tema berekraft. Matlaging ute i naturen sto på planen. Då laga vi reinsdyrskavgryte på bål, og tema for denne timen blei viktigheita av kortreist mat.

Elevane var på denne tida noko sletne, og energien var der etter. Før servering bestemte eg meg for å bruke litt humor i håp om at stemninga skulle blir betre, før maten skulle konsumerast. Eg fortalte då ei skikkeleg skrøne som eg prøva å tilpasse tema, kortreist mat. Eg skrøna om fleire ting som verka noko overnaturleg slik at alle skulle forstå at dette berre var tull. Og det gjorde dei og, eller det vil sei, dei fleste gjorde det.  Historia vart slik.

«I natt fekk eg ikkje sove! Eg drøymde nemleg om eit reinsdyr som stod midt opp på fjellet i Nordfjord.  Eg hoppa ut av senga og sprang ned på skulen for å henta pil og bue. Deretter sprang eg opp i fjellet, klatra opp over fjellsida og gøymde meg bak ei hylle slik at reinsdyret ikkje skulle sjå meg. Når tida var inne, tok eg dobbel bakoversalto og landa i bru før eg skaut reinsdyret».

Elevane lo og tykte dette var svært morosamt. Det siste eg sa, med historia mi, var at no får de verkeleg smake på kortreist mat.  Når vi var ferdig å ete, var det ein av elevane som nesten ikkje hadde fått i seg noko mat. So eg spurte kvifor han ikkje hadde ete so mykje. Då sa han, – eg forstod ikkje korleis du klarte å skyte reinsdyret mens du sto i bru, det var veldig imponerande! Eg som vernepleiar visste godt at det ikkje var alle elevane som «forsto» ironi like godt, so det kan vere lurt å fortelje på slutten av historia, at dette var berre ei skrøne 😊

https://www.fjordane.fhs.no/

#SKAP DITT BESTE ÅR