Kvinne med teip over munnen
Kort fagartikkel

Teieplikt og Facebook

24. november 2020

Det er viktig å seie frå når teieplikta blir broten. Det at få reagerer på brot på teieplikta på Facebookgruppa Vernepleier gjer at vi fryktar at vernepleiarar ikkje har kultur for å sei frå.

Det er viktig å seie frå når teieplikta blir broten. Det at få reagerer på brot på teieplikta på Facebookgruppa Vernepleier gjer at vi fryktar at vernepleiarar ikkje har kultur for å sei frå.

Innlegget er skrevet av stipendiat Vigdis Reisæter og førsteamanuensis Sølvi Marie Risøy ved Høgskulen på Vestlandet


I dette innlegget ser vi nærare på korleis medlemmer anonymiserer brukarar på facebooksida, og argumenterer for at den praksisen ikkje er nok for å halde teieplikta. Vi stiller og spørsmål ved om kulturen kan vera prega av ein tanke om at «det brukaren ikkje veit om har ikkje brukaren vondt av», eller at «det var slik vi lærte det på skulen»,  og at teieplikta derfor blir broten «i god hensikt».

Teieplikta er regulert i Lov om helsepersonell. I § 21 står det fylgjande: «Helsepersonell skal hindre at andre får adgang eller kjennskap til opplysninger om folks legems- eller sykdomsforhold eller andre personlige forhold som de får vite om i egenskap av å være helsepersonell.» Brot på teieplikta kan medføre tap av autorisasjon, og i grove tilfelle straffast med bøter eller fengsel i inntil tre månadar.  

Eit konstruert eksempel

Facebookgruppa Vernepleier har ca. 14000 medlemmer. Der står det jamleg innlegg som liknar på dette:                 

Hei! Jeg jobber med en dame med utviklingshemming og ADHD, hun fungerer som en 9 åring, men jeg har grunn til å tro at hennes vansker heller skyldes rusproblemer (…). Jeg mistenker at hun ferdes i miljø som ikke er bra for henne, og at noen av problemene skyldes forhold i oppveksten (…). Er det andre som erfaring med lignende, og gode tips til hvordan gå frem? Ønsker ikke å oppgi mer detaljer enn nødvendig, kontakt gjerne ved PM

Er innlegget eit brot på teieplikta så lenge det er anonymisert, ved at namn på klient eller namn på kommune, ikkje står? Innlegget har fullt namn på forfattar, og på profilen kan ein sjå kvar forfattaren bur og ofte kvar forfattaren arbeider. I mange kommunar er det få bustader for personar med utviklingshemming, og miljøa er gjennomsiktige. Mange kjenner mange, og mange kjenner fleire. Sitatet lovar også meir informasjon, men då er det lagt på ein terskel: det må kontaktast gjennom «PM» personleg melding. Det signaliserer at om du sender meg i personleg melding så kan eg bryte teieplikta SKIKKELEG. Slik vil personen som er avhengig av hjelp, lett kunne identifiserast, og har mista kontroll over eigne opplysningar.

Fylgjande konstruerte eksempel har vi trekt litt langt, men korleis ville du reagert på denne?

Der jeg arbeider er det en 48 år gammel kvinne som er klinisk deprimert og har religiøse vrangforestillinger. Jeg tror hun har opplevd incest i barndommen og at hun rømmer inn i disse forestillingene når livet blir for vanskelig. Hvordan tenker dere som arbeider i psykiatrien at jeg kan komme i posisjon med en som attpåtil er vernepleier selv.

Denne kvinna er «meir som oss». Ein blir ofte innlagt på den institusjonen ein geografisk «høyrer til», kanskje det er lettare å kjenne det som eit problem i dette dømet? Forstår vi det meir som brot med teieplikta om kvinna  kan oppdage at det blir skrive  om henne på vernepleiarsida? Det er viktig å stille spørsmål ved om vi lettare godtek brot på teieplikta når det gjeld personar som ikkje kan oppdage brotet sjølv, personar med demens eller utviklingshemming og barn, kan vere eksempel. Brotet på teieplikta er like grovt om personen det blir skrive om kan oppdage det, eller ei.

Ein periode var «Han Hansen» ein profil som tok slike saker inne på  Facebookgruppa, ruta gjennom administrator. Det har og vore diskusjonar om Han Hansen. Mange meinte at Han Hansen var ein god ide, for han kan ikkje koplast til den personen som eigentleg fortel forteljinga. Logikken er at då blir ikkje teieplikta broten. I den logikken er noko viktig oversett: Nokon må skrive Han Hansen innlegget, og nokon må gje informasjon til Han Hansen. I den utvekslinga blir teieplikta broten. Brotet er ikkje like stort, det er ikkje like mange som får den mogeleg identifiserande informasjonen, men brotet er der. Det er ikkje lov til å fortelje nokon om desse tinga, med mindre det føreligg eit samtykke.  Så, sjølv bak Han Hansen er det fysiske personar som får tilgang til informasjon dei ikkje skal ha, at det berre er ein gjer det ikkje meir legitimt.

Den gode hensikt og høgskulane.

Vi tvilar ikkje på at innlegga er gjort i den gode hensikt. Kanskje høgskulane og må ta noko av ansvaret for korleis vernepleiarar tenkjer kring teieplikta? Innafor  profesjonsutdanningar er praksisforteljingar verdifulle i opplæringa. Men vi som lærarar treng og å ta eit kritisk blikk på eigen praksis. Heimelen for å kunne bruke praksisforteljingar er å finne i  Helsepersonellova § 23 pkt. 3 som seier at opplysningar kan delast når behovet for beskyttelse er ivaretatt ved at individualiserande kjenneteikn er utelate».  Forteljingane må ha gjennomgått ei reell anonymisering, slik at både direkte og indirekte identifiserande opplysningar er utelate. Er det ei anonymisert forteljing som kan knytast til færre enn fire til fem, så lar opplysningane seg ikkje anonymisere. Om det er kjent kvar læraren har arbeidd før kan dette vere eit ledd i ei indirekte identifisering.

For alt vi veit kan innlegga på vernepleiarsida vera oppdikta som våre eksempel, eller dei kan være reelt anonymisert. Problemet ved å  «lata  som» historia er sann er ansvaret  ein har for å være berar av ein god kultur for teieplikt. Om alle dei andre trur teieplikta er broten, så er den det i deira auge, sjølv om forteljinga er oppdikta eller reelt anonymisert. Kulturen for å halde teieplikta vert svekka.

Vi har no lyfta fram tema teieplikt på Facebook. Det er opp til deg å vurdere neste gong du ser eller opplever eit brot på teieplikta, anten brotet skjer digitalt, på høgskulen eller på bussen, om du skal gjere personen sjølv og/eller den aktuelle Fylkesmann eller Helsetilsynet merksam på brotet. Og generelt, når det gjeld teieplikt, er vår oppmoding den same som den kommande presidenten i USA, Jo Biden kom med under valkampen: «Shut up, man»!