Gammelt sjøkompass
Kort fagartikkel

Profesjonsidentiteten til Vernepleiaren

16. februar 2021

Eg vonar forskingsprosjektet eg har gjennomført i samarbeid med rettleiar og professor Jan Inge Sørbø vil kome til nytte i profesjonsforsking, samt inspirere til vidare forsking.

Av Rebekka Ulstein, vernepleiar med master i Meistring og Myndiggjering


Det at profesjonsidentiteten til vernepleiaren vert diskutert i dag peikar på eit spenningsfelt som eg har forska på ved Høgskulen i Volda. I 2018 starta eg på masterprogrammet Meistring og myndiggjering, noko eg sterkt vil anbefale alle som ønsker utvikle seg sjølv som helse- og sosialarbeidar. Eg vonar forskingsprosjektet eg har gjennomført i samarbeid med rettleiar og professor Jan Inge Sørbø vil kome til nytte i profesjonsforsking, samt inspirere til vidare forsking. 

Eg kan huske at vi tidleg på bachelorstudiet fekk i oppgåve å finne ut kva vernepleie var. Etter å ha jobba nokre år som vernepleiar i forskjellige delar av landet, har eg erfart at vernepleiarar har ulik praksis og har ulik kjernekompetanse. I dag sit eg att med det same spørsmålet: Kva er det som definerer ein vernepleiar? Kvifor er det ein profesjon? Eg har ein påstand om at vernepleiarprofesjonen har blitt svakare med åra. Stemmer dette og i så tilfelle, kvifor? 

Ut ifrå eiga arbeidserfaring har eg observert og erfart at det er forskjell i vektlegging på arbeidsmetodar og fag innan vernepleie, og det kan til tider virke som ei diffus utdanning då profesjonen inneheld fleire «lånefag» som juss, pedagogikk og sjukdomslære. Eg opplevde å måtte legge til side eit hermeneutisk tankesett til fordel for eit åtferdsanalytisk tankesett, kring tilnærminga til miljøterapeutisk arbeid. Det er ikkje hensikta mi å omtale åtferdsanalysen negativt, då denne metoden kan ha positiv påverknad på tenestemottakaren sin kvardag og det miljøterapeutiske arbeidet rundt brukaren; men det er den ulike vektlegginga og synet på arbeidsmetode som har vekt mi nysgjerrigheit på kva som legg føringar for denne profesjonsutdanninga og kvifor den vert opplevd som diffus og så ulik for folk flest. Motivasjonen min for å skrive er eit ynskje om å fremje kunnskap om vernepleieridentiteten, samt korleis denne identiteten manøvrerer seg fram i dagens samfunn. Mange profesjonsutøvarar kjenner seg i dag under press, og det er grunnen til at eg vil undersøke korleis profesjonsidentitet vert opplevd av personar som har ein profesjon innan helse- og omsorg.

Masteroppgåva har gjennom kvalitativ metode forska på spenningar i profesjonsidentiteten til vernepleiaren. Fleire vernepleiarar erfarer at andre menneske er usikre på kompetansen vernepleiarar, og kva ein vernepleiarar jobbar med. Helse- og omsorgssektoren møter mange utfordringar og talet på helse- og omsorgspersonell er ein av dei. Befolkninga aukar og det gjer også tilfelle av komplekse sjukdomsbilete og samansette diagnosar. Dette fører til større krav om kompetanse hjå vernepleiarar og andre helse- og omsorgspersonell. Samfunnet stiller også høgare krav til hjelpeprofesjonar sin evne til å handtere tenestebehovet, tverrprofesjonelt samarbeid og effektivisering. 

Eg har primært søkt å fange opp korleis dei sju vernepleiarane erfarer sin eigen profesjonsidentitet og korleis dei erfarer å nytte skjønn. Gjennom semistrukturert intervju av vernepleiarar fordelt på ulike arbeidsplassar, har eg funne at vernepleiaren sin profesjonsidentitet inneheld fleire spenningsforhold. Oppgåva set lys på erfaringane vernepleiarane har gjennom profesjonsteori og Lipsky (2010) sin teori om bakkebyråkrati.

Masterprosjekt mitt er viktig då det sett lys på ein profesjon som har eit samfunnsmandat i å legge til rette for at menneske skal klare å leve og meistre sine liv ut i frå eigne føresetnader. Dette kokar ned til problemstillinga: Kva for spenningar erfarer vernepleiarar i profesjonsidentiteten sin?

Noko av det eg fann ut er at den den profesjonelle skal levere tenester og står i eit spenningsforhold mellom styring og skjønn i sitt daglege virke. Enkelt sagt kan ein framstille bakkebyråkratiets krysspress gjennom modellen eg har laga under, med utganspunkt i mi tolking av Lipsky (2010) sin teori om bakkebyråkrati:

Figur 1: Bakkebyråkratiets krysspress

Ut ifrå den analysen og drøftinga eg har gjort konkluderer eg med at vernepleiaren sin profesjonsidentitet står i eit spenningsfelt mellom mange element, samt internt i elementa i modellen til Hupe og Hill (2007). Eg har illustrert spenningsfelta som vernepleiarane erfarer i sin profesjonsidentitet i lys av teorien om bakkebyråkrati, her representert av gule tosidige piler:

Figur 2: Bakkebyråkrati

Spenningane i vernepleiaren sin profesjonsidentitet kjem til syne i alle felta. Det er spenningsfelt i politikken som styrer vernepleieprofesjonen via retningslinjer og lovverk. Det er spenningsfelt i fagorganisasjonar, der ulik vektlegging av metodar og utdanningsbakgrunn fører til ulike måtar å løyse sitt samfunnsoppdrag. Vernepleiarane må stå i eit spenningsforhold mellom ulike brukarar og brukargrupper, då alle brukarar er ulike individ sjølv om dei kan ha same diagnose men ulike føresetnader som vernepleiaren må vurdere ut ifrå.

Det finst også spenningar i fagkunnskapen sitt grunnlag, då ulike kunnskapstypar har ulik logikk, men vernepleiaren må integrere og kombinere dette. Skjønn har eit spenningsfelt som står mellom epistemisk kategori og praktisk resonnering ved at vernepleiaren må gjere vurderingar ut ifrå sin faglege kunnskap, som i seg sjølv er eit spenningsfelt, og av praktiske grunngjevingar. Slik vert også vernepleiaren sin profesjonsidentitet forstått som eit spenningsfelt mellom styring og autonomi då «accountability» vil styre vernepleiaren sitt val av metode og skjønnsbruk for å kunne få ein ekstern anerkjenning av staten. Vernepleiaren erfarer ulike spenningsfelt på fleire nivå: brukarperspektiv, politikk, retningslinjer, lovverk, økonomiske rammer, fagorganisasjon, fagkunnskap og profesjonsutøvarens faglege og erfaringsmessige bakgrunn. Den opne profesjonsidentiteten til vernepleiarprofesjonen står i kontrast til New Public Management (NPM) sin tendens til å styre etter definerte kriterium og konkrete målbare element. Med utgangspunkt i dette tolkar eg det dit at vernepleiarane må handtere denne kompleksiteten for å fremje meistring og livskvalitet.

Eit anna funn eg gjorde var at profesjonsidentiteten til vernepleiaren er dynamisk, då den er i stadig utvikling og i takt med samfunnet si utvikling. Vernepleiaren står i mange spenningsforhold og eitt av dei er i sjølve profesjonsidentiteten. Her står vernepleiaren i eit spenningsforhold mellom personleg identitet, kollektiv identitet og profesjonell identitet.

Gjennom den kvalitative forskinga har eg har funne at vernepleiarane står i eit spenningsforhold mellom styring og autonomi, der ulike styringslogikkar er kjenneteikna som accountability, transparens, brukarperspektiv, effektivitet og økonomi. Det er også ei spenning i kunnskapsgrunnlaget der ulike kunnskapslogikkar vekslar mellom naturvitskap, humanvitskap, relasjonell kunnskap, taus og eksplisitt kunnskap. Ei anna spenning er mellom brukar og stat. Vernepleiaren må handtere tenesteutøving som skal ta omsyn til politikk, lovverk og individuell tilrettelegging, samt møte brukaren sine behov og ynskje. I tillegg skal vernepleiaren melde opp og fram dersom noko ikkje fungerer som det skal eller stå på barrikadane for dei i samfunnet som treng ei stemme, og slik vere eit talerøyr.

Det er også eit spenningsforhold i vernepleiaren sin bruk av skjønn, der vernepleiaren må handtere komplekse vurderingar og handtere ansvaret dette medfører. Vernepleiaren må her ta både allmennmoral og profesjonsmoralen i betraktning. I tillegg handtere lik praksis samstundes som ein utviklar seg i takt med samfunnet og tida ein lev i. I tillegg må vernepleiaren handtere kompleksiteten i vurderingane ein gjer i arbeidskvardagen for å gje den omsorga som menneska treng og har krav på.

Eg vonar at vernepleiaren sin handtering av kompleksitet ikkje går ut over det gode arbeidet. Etter mitt skjøn er kompleksiteten som vernepleiarprofesjonen rommar viktig, og spenningane i vernepleiarprofesjonen er naudsynt for yrket og derfor må ein take vare på desse. Vernepleie er som eit puslespel: Det handlar ikkje om å vinne, men om å ha evne til å danne eit komplett bilete. Eg skulle gjerne forska vidare på vernepleiaren sin profesjonsidentitet. Det vert spanande å følgje med på vidare forsking om emnet.

Avslutningsvis vil eg nytte eit bilete på eit kompass. Ein kan ta vekk magneten frå kompasset for å få nåla til å liggje i ro, men då vil det ikkje lenger vere eit kompass. På same måte kan ein ikkje ta vekk spenningane og kompleksiteten i vernepleieprofesjonen: Då vil det ikkje lenger vere ein vernepleiar.

Heile masteroppgåva kan du lese her: 

Last ned masteroppgaven hos HiVolda.no