Fagintervju

Spreier vernepleierfagleg kunnskap gjennom lyrikk

03. januar 2023

Janne Borlaug, høgskulelærar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), publiserar sjølvskrevene dikt på Instagramprofilen @hjertelyrikk. Mange av dikta skrives frå eit miljøterapeutisk perspektiv. Vernepleier.no har tatt ein prat med Janne. 

Kva er målet ditt med å skrive dikt som også har eit miljøterapeutisk perspektiv?


– Målet mitt med å skriva dikt i eit miljøterapeutisk perspektiv er fyrst og fremst å få fram brukarperspektivet. Eg har alltid vore ein formidlar, som likar å formidla kunnskap på ein slik måte at flest mogleg finn meining i det eg skriv og gjer seg opp nye tankar. Eg trur det er helsefremmande å lesa noko som ein kan kjenna seg att i og at nokon set ord på det ein har opplevd og føler. Kall det gjerne ei form for samhandling.

– Om dikta mine kan få ein person til å setta seg inn i sårbare menneskjer sitt perspektiv eller liv, så er me eit steg vidara. Sårbare menneskjer må inkluderast og få moglegheit til å ta del i fellesskapet, og derfor er dikt ein fin arena å nå ut til folk flest på – ikkje berre til fagpersonar og helsepersonell. Sårbare grupper og menneskjer har eg alltid hatt blikket retta mot, og det syner nok att i dikta mine. «Skylappar» er også eit ord som ofte dukkar opp i mine dikt, fordi eg stadig blir forundra over redsla me har for det ukjente. Det ukjente kan til dømes vera dei ukjente, som lev på andre måtar enn deg, ser annleis ut eller har nedsette funksjonar. Kunnskap er etter mi meining nøkkelen til eit opent og inkluderande samfunn. Dikt er ein fin måte å formidla kunnskap på, syns eg.   

– I dikt er det «lov» å setta ting på spissen og spela på kjensler, noko som forhåpentlegvis får fram kjensler i dei som les. Mange har kanskje hatt ei melankolsk kjensle etter å ha sett ein sterk og rørande film på kino. Kjensler som set i gong prosessar og refleksjonar. Desse kjenslene ynskjer eg å få fram hjå mottakarane av dikta mine fordi det får oss til å gå litt djupare i tankane våre.

– Eg har dikta frå eg var 5 år, så sjølve orda kjem på ein måte av seg sjølv, men det hjelp å ha med erfaringane eg har tileigna meg gjennom livet; både på jobb og privat. Det kan vera eigne erfaringar, men også ting eg observerar. Målet med å ta med erfaringar og fagkunnskap i dikta er å gi dei tyngde og belysa tema frå ulike perspektiv. Om ein skal trekka parallellar frå akademia sidan eg no er lærar, så er dikta som ei drøfting, der eg samla erfaringsbasert kunnskap, brukarperspektivet og empiri saman og belyser det frå fleire sider. Ved å stille opne spørsmål eller ved å ha spørjande setningar set ein i gong tankar hjå lesaren. I tillegg kan ein i dikt leggja til kjensler som skil seg frå det akademiske, som bidreg til å røra noko ved oss.

I diktet «Eit brev frå tjenesteytar til tjenestemottakar» (diktet kan du lesa nederst i denne saken) skildrar du ei sår og gjenkjennelig, men samtidig varm hjelperelasjon. Korleis kan dikt brukes til å formidle vernepleierfaglige problemstillingar, slik du ser det?


– Når eg har førelesing med vernepleiestudentar likar eg godt å stilla opne spørsmål om tema me tek for oss og reflektera saman med dei. Dikt liknar på dette, bortsett frå at eg ikkje alltid får reflektert med dei som les slik eg har moglegheit til i førelesinga. Eg pleier å seie til studentane at det er viktig å ikkje undervurdera kor viktig stemme dei har. Ein tileigna seg viktig kunnskap ved å utdanne seg til vernepleier, og ein har i tillegg eit samfunnsansvar som profesjonsutøvar i å spreie kunnskap og formidle det ein har lært. Når eg skriv dikt, så er målet å formidle den kunnskapen eg ber studentane om å spreie vidare. Me treng fleire som tek ordet i samfunnsdebattar, og det fins mange måtar å spreie kunnskap på. Dikt er eit eksempel.

Læringsutbyttebeskrivelsane på vernepleierutdanninga er omfattande. Ein vernepleiar skal ha kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innan ein rekke fagfelt. Nokon kritiserar også læringsutbytta for å være for store. I læringsutbytte §9 kan vi eksempelvis lese at «kandidaten har innsikt i faglige, etiske og juridiske utfordringer og dilemmaer avledet av miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering». Korleis kan dikt, som dine, brukes som eit pedagogisk virkemiddel til å forstå slike dilemma? Og kan dikta bidra til å byggja bru mellom læringsutbytta?


– Eg har tenkt på at eg skal bruke dette og fleire dikt i førelesing, som ein måte å formidle brukarperspektivet og det miljøterapeutiske perspektivet på. Dikt kan sette stemninga i eit rom og bidra til engasjement gjennom kjensler og samhandling. Om det treff noko i studentane, kan det føra til meir aktivitet og tryggleik i rommet og i læringsprosessen. Eg trur ikkje me lærarar skal undervurdere kor viktig tryggleik og god stemning i klasserommet har å seie for studentane. Mange gruer seg til det ukjente og kjem rett i frå vidaregåande skule. Så kvifor ikkje mjuke opp stemninga med eit dikt? Erfaringar som lærar så langt har vist meg at om eg deler med dei, så tør dei å dele tilbake. Det er enkel matte slik eg ser det. Det å dele dikt kan vera noko personleg og fint som eg gir til studentane, som gjer at dei også tør å dela av seg sjølv og eigne erfaringar. På den måten skapar me eit trygt rom og ein trygg base.

– Ved å bruke dikt aktivt i emna eg har ansvar for, samlingar med studentar og i undervising, trur eg det kan hjelpe å sette ord på noko av det studentane les frå pensum, og gi dei kunnskap på ein praksisnær og visuell måte. Eg har forstått at studentane likar praksisnær undervisning godt for å visuelt førebu seg på yrket som vernepleiar. Dikt kan kanskje bidra til betre praksisforståing, nye tankar og refleksjonar.

– Læringsutbytta kan virka innvikla for nokre, pakka inn og omfattande. Dikt kan pakke ut kunnskapen og legge den fram rått og nakent. På den måten kan det absolutt fungere som brubyggjar mellom utdanning og praksis og mellom dei mange «lubbane» (les: læringsutbyttebeskrivelsane). 

________________________________________________

Eit brev frå tenesteytar til tenestemottakar

Eg ser du er trøytt 
av å gje slepp
på dei
du trudde var vener
vener 
som ikkje kjem på døra di 
lenger 

Eg ser du er sliten
av å ynskja velkomen
til ukjente, håpefulle
opplagde, sprudlande 
før
du er klar til å gripa dagen

Eg ser du vil ha fred 
mens eg står ved døra
di
ventande på smilet
smilet 
du la att hjå venen din
….
du treng tid 
tid 
til å venna deg til 
at venen din ikkje kjem
på døra di att 

Eg ser du har kjempa 
mot samfunn og system 
dei meiner du bør vere nøgd no
sidan du fekk goder
….
alt DU ville
var å forstå kva som stod i brevet 
brevet 
dei gløymde å lesa
for deg 

Eg vil du skal vite
at eg forstår
sjølv om eg aldri kan vandra i dine sko
kan eg stå ved sida av
og fylgja stega du går
….
systemet kom imellom oss 
men det skal ikkje stå i vegen 
vegen 
me kan gå ilag
….
og eg ser deg 
sjølv om du ikkje ser min veg 
nett no 
så må du aldri tvile på
at eg er der for deg

Eg skal lytta 
til alt som blir sagt
i vårt tause rom
mellom fire auge
og stumme ord
….

for me har tid 
tid
til å sjå vekk i frå tida 
tid
til å slumra praten

Eg vil aldri klandra deg 
for alt du ikkje vil seia 
nett no
og alt du aldri får sagt